Grendi Bondekvinnelag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Grendi Bondekvinnelag blei skipa under Karen Rosef sin tur i Setesdal i 1937. Laget var uavhengig av Bygland Bondekvinnelag, men blei likevel rekna som eit grendelag. Karen Lande var lagets første leiar, medan Ingebjørg Rostveit, Anne Sk. Hovstad og Birgitt Bakke var styremedlemmar. Under den andre verdenskrigen blei laget nedlagd, og arbeidet blei ikkje tatt opp att før i 1948. Styreleiar var Solveig Greibrokk og Birgitt Bakke, Anne Åsen og Karen Lande var styremedlemmar. Laget hadde aktivitetar på ymse områder: møte, kurs og demonstrasjonar. I 1964 gjekk laget inn i Bygland Bondekvinnelag.

Leiarar[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 180