Siri Skreland Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Siri Skreland Homme
Født: 1933
Død: 5. januar 2018 (alder 84–85)

Siri Skreland Homme (fødd 1933, død 5. januar 2018) budde på SkretveitSkreland i Bygland. Ho etterlet seg mannen Ivar Dag Homme, barna John Tomas Homme, Olav Skreland og Inger Tone Homme, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Bygland kyrkje tysdag 16. januar 2018 klokka 12.

Siri var fødd i Arendal. Men mora Siri Ånundsdotter Skreland (f. Skåmedal, 1901) døydde i samband med fødselen, og ho vaks opp hos onkelen i Kristiansand. Då ho var to år gamal, flytta ho heim til far sin Olav Tomasson Skreland (f. 1893, d. 1971) på Skreland. Etter grunnskulen i Bygland, gjekk ho på Birkeland folkehøgskule. Ho gjekk også husmorskule og handelskule. Etter det fekk ho jobb på Bondeheimen i Arendal. Då far hennar blei dårleg med helsa, flytta ho heim til Skreland att.

I Bygland jobba ho på handelslaget. I 1961 gifta ho seg med Ivar Dag Homme frå Møkjåland i Iveland. Her var Siri gardkone i 16 år, før ho og Ivar flytta attende til Skreland og overtok gardsbruket (Skreland bnr. 2) etter far hennar.

Tilbake i Bygland engasjerte Siri seg i mange sider av bygdelivet. Ho var leiar i Bygland Mållag på slutten av 1970-talet, og i Bygland Bygdekvinnelag på 1980-talet og 2000-talet. Ho var også aktiv i idrettslaget og 4H.

Sonen Olav Skreland overtok etter kvart bruket på Skreland. Siri og Ivar Dag flytta då, rundt 1996/1997, inn i nytt hus på Skretveit, ein eigedom som formelt blei skild frå bnr. 2 i 2010.

Kjelder[rediger]