Austad Bondekvinnelag
Austad Bondekvinnelag blei skipa 14. mars 1939 av Karen Rosef. Tone Ose var den fyrste leiaren av laget, og medlemmane måtte betale 1,25 kr i årsavgift. Under den andre verdskrigen blei laget nedlagd, og arbeidet blei tatt opp att då Ågot Rånås hadde eit møte i 1946. Eit nytt styre blei ikkje vald før året etter då Agnes Moripen vitja Ose. Gunnhild O. Tveit blei då vald til leiar.
Bland aktivitetane fekk laget inntekt frå matsalet på Skoglaget sine årsmøte og utlodningar som medlemmane sjave gav premiane til. Laget hadde og ein eigen brurebunad dei leigde ut, den blei til ved at kvart medlem gav ein kilo ull som skulle nyttast til den.
Til Austad kyrkje gav dei ei offerskål, konfirmantkapper, flaumljos, grasklyppar og ein stol til sakristiet, og dessutan gav dei årvisst blomar til gudstenesta i juli.
Laget hadde aktivitetar på ymse områder: møte, slaktekurs, grautkuptekurs og flatbrødkurs. Dessutan skipa dei saman med mållaget ei støylsferd til stemna på Reiårsfossen Camp. Ferda vart filma, og ein av dei to filmane blei sendt til Skottland.
Leiarar
- 1983– Helga Austad
- 1977–83 Solveig Heistad
- 1966–77
- 1964–66 Anne Paus
- 1962–64 Gro Mosdøl
- 1961–62 Anne A. Langeid
- 1960–61 Turid Ose
- 1958–60 Gunhild Stubseid
- 1952–58 Turid Ose
- 1950–52 Inger Haugen
- 1949–50 Birgit Gr. Langeid
- 1948–49 Birgit Å. Tveit
- 1947–48 Gunnhild O. Tveit
- 1939–40? Tone Ose
Kjelder
- Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 128 – 129