Setesdal Husflid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. mars 2016 kl. 07:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: Setesdølen nr. 18, 2016)
Hopp til navigering Hopp til søk
Setesdal Husflidssentrals inngangsparti. Butikken ligg i venstre del av huset, turistkontoret i høgre.
I andre etasje er det rom for å sy bunad.

Setesdal Husflidssentral vart stifta i 1966. Formålet var å selje husflidsvarer for lokale produsentar. Tidlegare heldt utsalet til i dei små hyttene ved Valle Motell, men frå 1996 har dei halde til i bygget mellom Valle kommunehus og Riksveg 9, som husar turistinformasjon mot nord og husflidsutsal mot sør.

I butikken finn ein ei rekke husflidsvarer, mellom anna Setesdalsbunaden med alt som høyrer til. Dei sel og Setesdalskofte og andre produkt handlaga av produsentar i Setesdal. Mellom anna har dei garn, souvenirar og gåveartiklar i tre, glas, vev, tekstil, smijern, keramikk og tinn. Ein del av bøkene til Setesdalsforlaget kan ein få kjøpt, og Bykle og Valle kunstlag har utstillingar om sommaren i dei roma som vert brukte til spitekafe om vinteren.

Styre

I 2010 var styret samansett slik:

Omsetning

Omsetninga auka frå 1 616 000 i 2008 til 1 944 000 i 2010. I 2015 var ho vel 2 millionar kroner. Inger Homme og Randi Gåserud Myrum deler på å vere dagleg leiar i Setesdal Husflidssentral.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker