Olav H. Rygnestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav H. Rygnestad
Født: 14. november 1938
Død: 24. september 2015 (76 år)

Olav H. Rygnestad (fødd 14. november 1938, død 24. september 2015) budde på Valle bygdeheim den siste tida. Han etterlet seg kona Janet Lilian Rygnestad, barna Ann Kristin, Adelheid og Hild Lilian, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Valle frikyrkje fredag 2. oktober 2015 klokka 12. Like kjært som blomar var ei gåve til Nasjonalforeningen for folkehelse sitt demensarbeid.

Olav var fødd og oppvaksen på Oppistog Rygnestad. Foreldra var Hallvard O. Rygnestad og Kristi Torgrimsdotter Homme. Han var tvilling, Gudrun Rygnestad var tvillingsystera hans. I tillegg hadde han to andre søsken. Han gjekk på landbruksskulen på Bygland frå 1959 til 1960, deretter gjekk han på yrkesskule på Blakstad. Han overtok garden tidleg. I 1963 gifta han seg med Janet frå Shetland, som hadde vore au pair hos presten Knut Rygnestad i Trondheim då dei møttest. Dei bygde opp det største sauebruket i Valle, med over 100 vinterfora sauer. Sidan overtok dottera Adelheid ansvaret for garden, medan faren fekk seg anna arbeid.

Etter å ha arbeidd i kraftutbygginga, tok han etter kvart til med bygningsrestaurering. Han var ein dyktig fagmann som til og med var i Amerika for å lære frå seg bygningsvern. Han var og med i Valle kommunestyre nokre år og hadde også mykje av æra for etableringa av Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap.

Heder[rediger]

Kjelder[rediger]