Setesdalsgenser
Setesdalsgenser er ein spesiell type spitekupte, lusekofte eller strikka trøye med eit klassisk mønster som har sine røter i Setesdal for omtrent 150 år sidan.[1] Dei eldste spora fins på fotografi frå 1800-talet.[2] På den tida var den ein del av den daglege bunaden, medan den seinare blei ein del av festdrakta for menn. Trøya er då ikkje berre kanta med løyesaum rundt halsen og på armane, men har og sylvknappar på mansjettane og -hekter i halsen.
Lusekofte
Namnet «lusekofte» fekk plagget frå dei einskilde maskene med avvikande farge som pregar hovuddelen av bolen og ermane. I tida frå 1930-åra og frametter såg fleire variantar av lusekufta dagens ljos, og omgrepet «lusekofte» tyder i 2012 strikka jakker og trøyer med mønster i fleire fargar sjølv om dei ikkje har ei einaste lus.
Mønsteret
Mønsteret består i hovudsak av tre delar:
- øverst på armane og bolen er ein brei bord som er bygd opp av fleire mindre bordar. Den største borden kallas «kross og kringle».
- så kjem eit stort stykke med lus i kontrastfarge.
- Heilt nederst er det så ein bord bygd opp av mindre bordar igjen og ein vrangbord.
Tradisjonelt var hovudfargen på trøya mørk, med kvitt mønster og ei kvit, 10 – 25 cm lang, rand nederst, den delen blei putta ned i buksa. For mange av dei gamle i dalen var det ikkje «anstendig» å visa denne. Moderne kofter har som oftast berre ein hovudfarge.
Kross, kringle og andre motiv
Kross og kringle er religiøse motiv som er særskilt for koftene frå Setsdal, men dei var ikkje vanlege før «skinnfua» kom.[3] «Krossen» er ein andreaskross, eit slikt som Jesus sin disippel Andreas døde på, medan «kringla» er ein solkross, eit livshjul.[4] Somme kofter fekk ein bord med åttebladsroser, eit symbol for ledestjerna og Jesus, nederst på bolen, medan andre hadde ein firkløver-bord nederst på forsida. Dei smalare krokbordane viser til rennande, rensande vatn. Kva lusa kan ha hatt for tyding, er ikkje kjend. Dei skilde kvardagstrøya i vadmel «grautkupta» frå festkleda.[5]
To moderne variantar
Setesdal Husflidssentral sel to variantar av setesdalskofta, «klassisk» og «antikk».[6] Den antikke er ein rekonstruksjon av gamle kofter og er kvit nederst, og har relativt enkel løyesaum. Den klassiske har ein bunnfarge, og løyesaumen er prega av store og fargerike kruller.
Referansar
Galleri
Sju av desse trøyene er rekonstruert etter gamle kupter, bilete og måleri. Siri Johannessen (2013) |
Eksterne lenker
- Bilete