Myglevatn
Utsjånad
Myglevatn er eit vatn i Kosånavassdraget på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes, på grensa mot Marnardal i Vest-Agder. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet er om lag 0,8 kvadratkilometer stort, og ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg Øyvatnet, og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre Myglefossen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.
Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå Roland i Bjelland.
Kjelder
Olav O. Ileberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 24