Bispestolane

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2015 kl. 08:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bispestolane)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bispestolane er eit kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes. Frå Abusdalsvegen (Fylkesveg 301) kan ein følge skogsbilvegen Bispevegen ca 1,5 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein parkeringsplass for hyttefeltet i området, og er svært lett tilgjengelege for folk flest. Kulturminnet er ikke skilta eller merka på annan måte av kommunen. Men velforeninga i hyttefeltet har på eige initiativ sett opp eit informasjonsskilt.

Det blir fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjente vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.

Kjelder