Program for Nordisk strikkesymposium 2015

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juli 2015 kl. 09:59 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Program for Nordisk strikkesymposium 2015 er eit oversyn over programmet for arrangementet, som hadde utgangspunkt på Revsnes Hotell og vart halde frå 29. juni 2015 til 4. juli 2015.

Velkomsthelsingar

Leiv Rygg, ordførar og sauebonde

Det er svært morosamt at det vert strikkesymposium i Bygland i Setesdal – spelsaudalen. Når dei gamle grekarane samla seg til symposium var det for å drøfte politikk, filosofi og kunst i godt lag, med følgje god mat og drykk. Det er ein god vidareføring av tradisjonen at ein no samlar seg til strikkesymposium, strikking er kunst!

Fatima Aakhus, leiar i Bygland husflidslag

Velkomen til Bygland og Setesdal. Bygland husflidslag driv mykje frivillig arbeid og er med på lokalsamfunnsutviklinga gjennom kurs og arrangement. Medlemmane er våre er kulturberarar gjennom den handlingsborne kunnskapen dei formidlar m.a. innafor bunadstilverknad og for å halde m.a. lusekofta og anna særmerkt aktuelt i høve samtid og framtid. No tek vi eit stort seg inn på den internasjonale arenaen og håper du som gjest vil glede deg over det vi har å by på i lag med våre med-arrangørar og ikkje minst dyktige føredrags- og kurshaldarar! Med ønskje om ei minnerik veke i Setesdal for kvar og ein!

Annemor Sundbø, Kathrine Holmejord Bringsdal og Signe Sollien Haugå, Nordisk strikkesymposium – Setesdal 2015 - programkomiteen

Vi har i lang tid gleda oss til å ta imot gjester frå mange land – og til å vere vertskap for Nordisk strikkesymposium 2015. Velkomen til nordisk strikke-eventyr og lusekofta sin heimstad i Noreg!

Program

Sundag 28. juni 2015 – Byglandsfjord – Revsnes hotell

  • 18:30 Offisiell opning - Svein Harberg - leiar Stortinget sin familie og kulturkomité
  • Middag for sympiosiedeltakarar og andre inviterte gjester
  • 19:30 Opningssamling med Signe Aarhus – Oleana

Måndag 29. juni 2015 - Revsnes hotell / Byglandsfjord skule

  • 8.15 Morgonsamling - Presentasjon: Stella Ruhe, Nederland
  • 10.00 -18.00 Heildagskurs
  • 19.30 Kveldssamling- Presentasjon: Lita Rosing-Schow, Danmark

Tysdag 30. juni 2015 – Revsnes hotell, Byglandsfjord skule

Onsdag 1. juli 2015 – Ose

Torsdag 2. juli 2015 – Bygland – Museum/ kyrkja

Fredag 3. juli 2015 - Valle/ Rysstad

Laurdag – 4. juli 2015 – Avslutning og avreise

Kjelde

  • Programhefte for arrangementet