Lauvås
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Lauvås er ein nedlagd gard (gnr. 65) på heia mellom Raustøl og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes. Garden ligg vakkert til på eit nes på sør-austbreidda av Høvringsvatnet. Det var to bruk på garden. I dei første 25 åra av 1900-talet var det turiststasjon på Lauvås. Stasjonen låg på det vestre bruket. No er det bare nokre fritidsbustader på garden.
Historie
Oddmund Mogstad skriv at Lauvås er ein av gardane i Evje ein veit svært lite om. Garden er nemnt som øyde i leidanglistene frå 1601. Han kjem i rekkefylgje med Raustøl under Åneland. Mogstad meiner det er sannsynleg at begge desse gardane høyrde til Åneland etter svartedauden.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Turiststasjonar i Evje og Hornnes, Arnstein 2001, side 14
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, Arnstein 2008, side 36