Skranevannsvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. mai 2015 kl. 20:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vegen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Her passerer Skranevannsvegen Vetrhusmyr om lag ein kilometer frå Skranevatn.
Her ved Skranevatn endar Skranevannsvegen.
Foto: Geir Daasvatn

Skranevannsvegen er ein skogsbil- og hytteveg (bomveg) frå Abusdalsvegen ved garden Haugland sørover til Skranevatn og Vollevatn sør-vest i Evje og Hornnes kommune, mot grensa til Lauvås i Vest-Agder. Han vart bygd rundt 1961.

Før vegen kom, skal området ha vore den beste elgmarka i Hornnes. Då vegen låg ferdig, blei det køyrd ut mange tusen kubikkmeter tømmer. Det kom også etterkvart svært mange fritidsbustader innover mot Skranevatn.

Kjelder