Nils Heglands veg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. januar 2015 kl. 13:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om navnet på gata før Nils Heglands veg kom + kilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Heglands veg er namnet på hovudgata gjennom Evje sentrum frå krysset med Riksveg 9 sør for Infobygget og til møtet med Arendalsvegen i nord. Gata er oppkalt etter Nils Hegland, som døydde i tysk krigsfangenskap under andre verdskrigen. I eldre tider, før gata fekk sitt noverande namn, kalla dei ho gjerne "Kyllinggata". Det var ei gamal jente, "Doktor-Aase", som skulle ha funne på dette namnet då det var så mange småungar der.

I 2015 planlegg Evje og Hornnes kommune å gjere heile sentrumsgata om til miljøgate. Det skal kome fortau framom butikkane, på austsida av gata, og gang- og sykkelveg på vestsida. Evje Kiosk skal etter planen flyttast 50 meter nordover, til enden av parkeringsplassen der han står i dag. Det kjem fleire parkeringsplassar. Mot riksvegen skal det byggast ein mur, og overgangane der skal mjukast opp med buskar og tre. Det vil bli innkjøyring til parkeringsplassen vis-a-vis Intersport Evje og Evje og Hornnes Sparebank. Sjølve vegbanen vil bli pynta opp med stein. Gata vil få meir miljøpreg, med fleire planter, møteplassar og sittegrupper.

Kjelder

Kart

Laster kart ...