Det Sæthersdalske Kobberværk
Det Sætherdalske Kobberværk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845-1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Industrieventyret - som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie - enda med dundrande konkurs.
Korleis det starta
Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheiane. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.[1]
Referanser
- ↑ Johan Christian Frøstrup m.fl, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, s. 322