Torleif O. Homme
| Torleif O. Homme | ||
|---|---|---|
| Født: | 17. august 1852 | |
| Død: | 6. mai 1936 (83 år) | |
Torleif O. Homme (fødd 17. august 1852 i Valle, død 6. mai 1936 i Hornnes) var teolog, lærar, målmann, forfattar og fråhaldsmann, men framfor alt ein stor tenkjar og religionsgranskar i si tid. Han vart fødd og vaks opp i Valle, og var sterkt knytta til heimbygda si heile livet, men levde dei siste åra sine i Hornnes. Han er gravlagd ved Hornnes kyrkje.
Livsveg
Barneår i Valle
Foreldra til Torleif var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Då han vart fødd, budde dei på Feddufs, ein husmannsplass under Flateland. Sjølve fødselen skal ha funne stad medan mora var på støylen Voglumtveit. Seinare kom dei til Bronen, ein plass under Homme. Her budde Torleif frå han var sju til han var 14 år gamal.
Både på farssida og morssida var slekta mellom dei mest framståande i Valle, og Torleif ætta i bein line frå Vonde-Åsmund Rygnestad. Foreldra hadde ei tid gard i Telemark. Men dei greidde ikkje å halde på garden, og kom heim igjen til Valle før Torleiv vart fødd.
Torleiv vaks opp i tronge kår. Men han lærte tidleg å lese. Vanlege bøker var mest ikke å finne, så han las mykje i bibelen. Alt i barneåra skal han ha sett seg som mål at han aldri ville bry seg med det som var skikk og bruk mellom folk, men alltid gjera det han tykte var rett og godt. Ved sida å samle seg kunnskap gjennom mykje lesing, lærte han seg også å bruke hendene, noko han fekk nytte av gjennom heile livet. Han må ha vore ein heilt uvanleg unggut, med rike intellektuelle gåver, men framfor alt andre interesser, ei anna haldning, enn gutungar flest.
Ut i verda
I 1867 reiste Torleif til Fjære ved Grimstad der han gjette sauer og arbeidde ved eit båtbyggeri. Sommaren 1868 var han gjetar ved Nes jernverk i Tvedestrand. Hausten 1868 kom han til Flatdal i Telemark, til søskenbarnet Aasmund Sveinson Nordgard. Aasmund hjelpte Torleif inn på lærarskulen i Kviteseid. Torleiv tok lærareksamen her i 1873 med svært gode karakterar.
Foreldra og søskena til Torleif var i mellomtida reist til Amerika. Torleif drog etter i 1873. Han kom inn på Luther College i Iowa. Det var eit seksårig gymnas. Torleif gjekk ut med laud i 1878. Han utdanna seg vidare på Luther Seminary, og var ferdig utdanna prest i 1881.
Men i åra etter 1881 arbeidde Torleif Homme ikkje som prest. Han hadde gardsarbeid, var kyrkjesongar, underviste barn og studerte eit år vidare på universitet i Madison. I 1887 reiste han heim igjen til Noreg.
Lærar på amtsskulen for dei indre bygdene
Torleif Homme fullførde teologistudia hausten 1890 og våren 1891 vart han ferdig med den praktiske delen av presteutdanninga. Sommaren 1891 blei han tilsett som lærar i amtsskulen i Nedenes. I 1892 kom han som styrar til den ambulerande amtsskulen for dei indre bygdene, skulen som seinare blei fast på Galteland i Evje under namnet Setesdals ungdomsskule. Her blei han verande som lærar i 16 år, til 1908.
Homme ville meir enn å gje dei unge kunnskap. Han meinte at kristendomen måtte gjennomsyre all privat og offentleg aktivitet, også skulen. Homme blei også ein språkhistorisk pioner. Han var den første som nytta landsmål som undervisningsmål.
(Artikkelen er ein start)
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Torleif Homme - med hjartespråket som leiestjerne, utgjeve av Valle Sogelag, 2005