Setesdal Austhei
Setesdal Austhei er eit fjellområde mellom Setesdal i vest og Telemarksbygdene Fyresdal og Tokke i aust.
Frå sør byrjar Austheiene i Åmli og dei øvre delane av Froland i Aust-Agder, og strekker seg nordover heilt til nordenden av Bykle (Bjåen). Området dekker eit areal på 2370 km2, og delast i to av Fylkesveg 45 (Valle-Skafså). Området nord for Fv-45 har eit areal på 770 km², med mykje høgfjell på 1000-1500 m.o.h. Det sørlege området på 1645 km² er eit lågare og rolegare heieområde, men med einskilde fjelltoppar opp mot 900-100 m.o.h.
Setesdal Austhei sør
Den søre delen av heiområdet ligg sør for Fylkesveg 45. Dette er stort sett eit lågareliggande heieområde. Storparten ligg rundt 500-600 m.o.h., med einskilde fjelltoppar opp mot 900-1000 m.o.h. Lengst nord får heia meir karakter av høgfjell med fjelltoppar opp mot 1200-1300 m.o.h. Mange vatn og vassdrag er med på å sette sitt preg på landskapet.
Setesdal Austhei nord
Den nordlege delen av heiene er fjellområdet nord for Fylkesveg 45. I vest er det avgrensa av Riksvei 9 mellom Valle og Haukeligrend. I nord går Europaveg 134 mellom Haukeligrend og Åmot. I aust går Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen. Fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Telemark går på langs inne i området, men Telemark-delen er størst.
Sjå også
Kjelde
- Johan Christian Frøstrup m.fl., Vandringer i Setesdal Austhei 2014, Friluftsforlaget, 2014, s. 15-33