Senum
Senum er ein gard (gnr. 1) på vestsida av Byglandsfjorden, lengst nord-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord grenser garden til Horverak i Bygland kommune, i sør til Holtet i Evje og Hornnes kommune. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i Norske Gaardnavne meiner namnet kjem av gamalnorsk sina, visna gras, og at det er eit "heim"-namn. Ein reknar med at "heim"-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge Oddmund Mogstad kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av "sen".
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 33
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 9-43