Flåt nikkelgruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. november 2014 kl. 10:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke på Reidar Kjetså)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei sjakt i Flåt nikkelgruve

Flåt gruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Ho vart etablert i 1844, då som koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Evje Nikkelverk AS formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt gruve Nord-Europas største nikkelgruve. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.

Drifta fall i tre periodar:

  • 1. periode: 1872-1894
  • 2. periode: 1899-1920
  • 3. periode: 1927-1946

Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. 18 menneskje omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.

Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt gruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem å grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.

Sjå også

Kjelder