Egil Guthormsen

Egil Guthormsen budde i Evje, og var offiser på Evjemoen. Guthormsen var svært aktiv i Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps dei første åra etter at korpset var skipa. Han hadde fleire førstehjelpkurs for dei unge, som var utan erfaring frå hjelpekorpsarbeid, og hadde elles ansvaret for praktisk opplæring av medlemene gjennom fleire år. Han var også leiar i handballgruppa i Otra IL i 1971.
Kjelde
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 159