Flåtfjellet gruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2014 kl. 16:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Flåtfjellet feltspatbrot Evje 191213 (2).JPG
Feltspatbrotet i Flåtfjellet er i dag fylt med vatn. Foto: Geir Daasvatn

Flåtfjellet gruve var ei feltspat- og kvartsgruve ca. 1 kilometer nedanfor Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje, attmed nedre slamdeponiet på sida mot Tveit-grenda, og berre 100 meter frå Tveitgruva.

Det var Norsk Feltspat Co som første gong starta opp drift etter feltspat i Flåtfjellet i 1913. Som følge av 1. verdskrigen var det lite drift her i tida fram mot 1918-1920. Men etter dette kom det stordrift i Flåtfjellet. Det var opptil 15-20 arbeidarar fordelt på to skift, og skeidehus der kvinner sorterte feltspaten. Gruva fekk straum til vasspumpe, knuseverk og heis. Det kunne gå 15-20 hestar med feltspatlass til jarnbanestasjonen i Evje. Kvart år vart det drive ut 4000-5000 tonn feltspat. Samla har det i Flåtfjellet blitt tatt ut 70000 tonn feltspat og mykje kvarts.

Gruva stogga då flotasjonsslam frå nikkelgruva rann inn der i 1942.

Kjelder