Flåtfjellet gruve
Flåtfjellet gruve var ei feltspat- og kvartsgruve ca. 1 kilometer nedanfor Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje, attmed nedre slamdeponiet på sida mot Tveit-grenda, og berre 100 meter frå Tveitgruva.
Det var Norsk Feltspat Co som første gong starta opp drift etter feltspat i Flåtfjellet i 1913. Som følge av 1. verdskrigen var det lite drift her i tida fram mot 1918-1920. Men etter dette kom det stordrift i Flåtfjellet. Det var opptil 15-20 arbeidarar fordelt på to skift, og skeidehus der kvinner sorterte feltspaten. Gruva fekk straum til vasspumpe, knuseverk og heis. Det kunne gå 15-20 hestar med feltspatlass til jarnbanestasjonen i Evje. Kvart år vart det drive ut 4000-5000 tonn feltspat. Samla har det i Flåtfjellet blitt tatt ut 70000 tonn feltspat og mykje kvarts.
Gruva stogga då flotasjonsslam frå nikkelgruva rann inn der i 1942.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Feltspatkompaniet - hundre år sidan starten, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 57-67
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdesogenemd, 1990, s. 26