Hopp til innhald

Onsdagsprogram Valle Radio 20110112

Frå Setesdalswiki

Onsdagsprogram Valle Radio 20110112 fortel om programmet i Valle Radio onsdag 12. januar 2011. Ansvarleg for kvelden var Bjørgulv T. Berg. Teknikar var Torhild Sandnes og frå 20:30 kom telefonvakta Jorunn Helle.

Program

1800: Aktuell time

  • Kris Kristoffersen:
  • Telefon til Theis Salvesen. Han hadde hatt både stabsmøte og 37 konfirmantar denne dagen. Trusopplæringsreformen er viktig, men Theis meinte at dagens ungdom ikkje kan mindre når dei startar på konfirmasjonsførebuingane. Å vere prest i Tveit er annleis enn i Valle. I desember hadde han 10 gudstenester, i Valle var det gjerne 30 i desember. Men ein er ikkje 30 år lenger, så det har vore godt å få eit noko mindre press. Fredag 28. januar 2011 skal han tale på møte i Valle kyrkje. Han ville ikkje tale på tre møter i prestegjeldsaksjonen 2011, men eit møte skal bli triveleg. Men han saknar å vere programleiar i Valle Radio.
  • Halfdan Sivertsen: Sommarfugl i vinterland
  • Intervju med AA i samband med oppstart i Setesdal. Telefonsamtale med Yngvar i Anonyme Alkoholikere. Organisasjonen starta i 1947 og har halde på i Kristiansand sidan 1949. Dei siste 20 åra har det vore i god vekst i Kristiansand. Opprinneleg var det eit amerikansk opplegg. AAs program vart skrive ned, der dei formulerte det dei hadde gjort. I Kristiansand dreiv dei A-klinikken den første tida. Yngvar tok sin siste dram i 1987. Om ei veke vil dei halde eit møte onsdag 19. januar 2011 på det gamle skulehuset i Grendi, som no er blitt grendehus. Det første møtet er ope for alle, sidan vil ein prøve å ha møte annankvar veke.
  • Reklame

1900: Tanker frå Bibelen

1930: Kommunen informerer

Konstituert rådmann Elise Marie Kringen

2000 Musikkprogram

Katrine og Selma frå Valle vidaregåande

2030 Bjørgulvs halvtime med gjester

Vi møter Marianne Uleberg

2100: Opi sending

Kontakt

  • Helsingari tlf: 379 37 577
  • Post: post@valleradio.com