Onsdagsprogram Valle Radio 20110112

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram Valle Radio 20110112 fortel om programmet i Valle Radio onsdag 12. januar 2011. Ansvarleg for kvelden var Bjørgulv T. Berg. Teknikar var Torhild Sandnes og frå 20:30 kom telefonvakta Jorunn Helle.

Program[endre]

1800: Aktuell time[endre]

  • Kris Kristoffersen:
  • Telefon til Theis Salvesen. Han hadde hatt både stabsmøte og 37 konfirmantar denne dagen. Trusopplæringsreformen er viktig, men Theis meinte at dagens ungdom ikkje kan mindre når dei startar på konfirmasjonsførebuingane. Å vere prest i Tveit er annleis enn i Valle. I desember hadde han 10 gudstenester, i Valle var det gjerne 30 i desember. Men ein er ikkje 30 år lenger, så det har vore godt å få eit noko mindre press. Fredag 28. januar 2011 skal han tale på møte i Valle kyrkje. Han ville ikkje tale på tre møter i prestegjeldsaksjonen 2011, men eit møte skal bli triveleg. Men han saknar å vere programleiar i Valle Radio.
  • Halfdan Sivertsen: Sommarfugl i vinterland
  • Intervju med AA i samband med oppstart i Setesdal. Telefonsamtale med Yngvar i Anonyme Alkoholikere. Organisasjonen starta i 1947 og har halde på i Kristiansand sidan 1949. Dei siste 20 åra har det vore i god vekst i Kristiansand. Opprinneleg var det eit amerikansk opplegg. AAs program vart skrive ned, der dei formulerte det dei hadde gjort. I Kristiansand dreiv dei A-klinikken den første tida. Yngvar tok sin siste dram i 1987. Om ei veke vil dei halde eit møte onsdag 19. januar 2011det gamle skulehuset i Grendi, som no er blitt grendehus. Det første møtet er ope for alle, sidan vil ein prøve å ha møte annankvar veke.
  • Reklame
  • Velbegavet
  • Telefonintervju med Bjørnar Mørenskog, som etter ein ferietur starta opp med butikk som forhandlar for Stormberg og vil drive butikk innan konseptet «kultur og næring» etter å ha avslutta aktiviteten på Hovden Fjellstoge. Han er og forleggar og har lyst å utvikle dette vidare. Han sel både bøker og kartmaleri i tillegg til klede. Han vil ha oppe heile året. Og så driv han med pilegrimsturane frå Hovden til Røldal. Framleis samarbeider han med Hovden Fjellstoge.
  • Kirsten Bråten Berg: Blåmann, Blåmann, bukken min

1900: Tanker frå Bibelen[endre]

1930: Kommunen informerer[endre]

Konstituert rådmann Elise Marie Kringen hadde vore på møte i Arendal i dag og diskutert samhandlingsreformen og helsetiltak i kommune og region. Helseprosjekt Setesdal gjer at vi ligg langt framme i arbeidet med å realisere reformen, som tek sikte på at pasientar ikkje skal liggje lenge på sjukehus. Ein må ha samarbeid på tvers av av kommunegrensene for å kunne gjennomføre dette. Det er fleire slike prosjekt på gang i regionen som arbeider med dette, og Elise Marie Kringen hadde fått ein statusrapport av Wenche Tangene før ho reiste på møtet i Arendal. Demensteamet i Setesdal koordinerer arbeidet i Setesdal. Dei planlegg å gå ut med informasjon om pårørandeskule i slutten av februar og så er det planen å halde kurset til hausten. Det er også faggruppe innan psykisk helse og rus. Det er eit problem at tilboda i stor grad har vore ute ved kysten, men no satsar ein på å få til noko i dei indre bygdene. Også innan IKT må ein samarbeide. Planen er å få same programvare i alle kommunane, og no skal ein etablere Setesdal IKT med hovudkontor i Bykle og avdelingskontor på Evje. Tidsramma er at samhandlingsreformen skal vere gjennomført i 2012.

To lovverk er til høyring, og Wenche Tangene har gjort ein jobb for å legge til rette for uttale i loven om samhandling innen helse. Samarbeidet som alt no er etablert, har ført til større løyvingar frå sentralt hald. Og så vert det nok diskusjon om lokalisering.

2000 Musikkprogram[endre]

2030 Bjørgulvs halvtime med gjester[endre]

  • Lyarslått av Mariann Uleberg
  • Vi møter Mariann Uleberg frå Hovden som studerer musikk på Berkeley School of Music. El-gitar er instrumentet hennar. Ho spelar aktustisk, men ikkje klassisk. Ho gjekk på musikklinja i Valle. Det fyrste ho starta spelte ho i korpset. Ho lærte å spele hardingfele av Marton Laksesvela, og lar seg inspirere av den til eigne komposisjonar. Etter tida i Valle reiste ho til Oslo og gjekk på Høgskolen i Staffeldtsgate, musikk og ledelse. Deretter hadde ho lyst å reise til utlandet, og der er det ingen jantelov, der er dei gode til å oppmuntre kvarandre. Det er lov å vere flink og å vere frampå for å nå langt. I framtida vil ho prøve å leve av spel og komponering, men og å undervise i gitarspel. Men ho byggjer og reparerer også gitarar. Førebileta hennar er mellom andre Knut Reiersrud.
  • Tappeslåtten av Mariann Uleberg

2100: Opi sending[endre]

Kontakt[endre]

  • Helsingari tlf: 379 37 577
  • Post: post@valleradio.com