Setesdalsbunad


Setesdalsbunaden er ein bunad som frå gamalt av blei brukt i Bykle, Valle og Bygland i Setesdal. Setesdal er eitt av dei få områda i landet der det har vore ein ubroten tradisjon frå folkedrakt til bunad. I dag er bunaden eit festplagg. Men kvinner kledde i kvitstakk var eit vanleg syn i Setesdal fram til etterkrigsåra. Heilt til ut på 1980-åra var det framleis einskilde som nytta stakken dagleg.
Svartstakk
Svartstakken, overstakken, tek ein på til fint, og når det er kaldt. Stakken er laga av klede og vadmål, og plisse bak.
Kvitstakk
Kvitstakken, understakken, er (var) til arbeid.
Raudstakk

Raudstakken er brurestakken. Den raude brullaupsstakken markerer overgangen frå ugift til gift kvinne, og understrekar at ho er ein av hovudpersonane under vigselsseremonien.
Dalebukse

Bunaden til mennene blir ofte kalla «Skinnfo» eller «Dalebukse». Når ein ser buksa bakfrå ser ein tydeleg kvifor. Bunaden har vore i bruk i om lag 150 år. Han er laga i vadmål, klede og skinn. På kalde dagar kan det vere godt å ha ei lusekofte innom buksa, eller ei rundtrøye over vesten.
Historie
Kledeskikken i Setesdal er gamal. Kvinnedrakta har vore brukt frå slutten av 1700-talet, omkring 300 år. Dalebuksa, «Skinnfoa», har vore brukt i om lag 150 år.
Kjelder
- Artikkelen om Setesdalsbunad på Wikipedia (bokmål), besøkt 26. juli 2024
- Om Setesdalsbunaden hos Setesdal Husflid
- Margit Dale og Frode Verpe, Setesdal. Kulinariske skattar og levande tradisjonar, utgjeve av Systog Dale Produksjoner, 2024, side 16–18
- Laila Durán, Bunader og tradisjoner fra Setesdal, utgjeve av Duran Publishing, 2015
Eksterne lenker
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.