Skjerka (Evje og Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. desember 2015 kl. 09:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flyttet siden Skjerka til Skjerka (Evje og Hornnes): Unngå sammenblanding med Skjerka i Åseral)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Skjerka Uleberg Hornnes 260714 (1).JPG
Skjerka renn forbi Uleberg kraftverk på Uleberg i Dåsvandsdalen i Hornnes.

Skjerka er ei elv som kjem frå Gyvatn, som for det meste ligg i Bygland og Åseral. Ho renn forbi Vetrhusvatnet og gjennom Vassendvatnet, og sidan gjennom fleire mindre vatn som Romedalsvatn og Mykestølvatn. Ho renn utfor Hunsfossen aust for Uleberg, med eit samla fall på over 100 m. Gyvatn vart regulert første gong ved konsesjon i 1912. Vassføringa i Skjerka blei då kraftig redusert. Frå 2006 er Uleberg kraftverk) bygd ut i elva, og vassføringa i Hunsfossen er blitt endå meir redusert. Skjerka renn ut i Dåsåna ved Samkom i Dåsvannsdalen i Hornnes.

Eksterne lenker

Geir Daasvatn sine bilete frå Skjerka på Flickr

Kart

Laster kart ...