Bergtun Hotell

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. august 2017 kl. 10:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Nedlegging av kafedrifta 2017)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergtun Hotell.

Bergtun Hotell ligg i Valle sentrum. Eigar er Laila Johnsen Kjær. Ho kjøpte hotellet i 2016 av Valle Sparebank. Kjær hadde kafedrift i hotellet, og fem dobbeltrom blei pussa opp for utleige. I august 2017 blei det kjent at kafédrifta skulle leggast ned. Bed & breakfast-delen av verksemda, med utleige av rom for overnatting, skulle halde fram som før.

Historie

Bergtun Hotell opna i mai 1935. Eigar då var Sigrid Kjelleberg Johansen. I 2010 kjøpte firmaet Bleieboden hotellet. Etter omfattande renovering vart det våren 2011 opna både butikk og spiseri. I tillegg fekk ein lager for internettbutikken til Bleieboden.

Kjelder

Eksterne lenker