Systog Dale

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. desember 2016 kl. 23:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av gardsbruket)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Systog Dale 201216.jpg
Systog Dale 20. desember 2016.

Systog Dale er garden til Margit Dale og Frode Verpe. Han ligg på Dale på vestsida av Otra, eit par kilometer nord for Valle sentrum. Garden er økogard. Her driv dei gardsbutikk, kunstgalleri og selskapslokale. Kjøt frå eigne lam er merkevaren til Systog Dale. Dei røyker lår, bøger, hals og sider i den gamle røykstoga, basstoge heiter det på garden. Dei sel og heimebaka brød, flatbraud og lefser, jordeple og syltetøy av alle slag. I 2013 utvikla Margit Dale Vallesnabben som produkt.

Nokre hundre meter nord for sjølve gardstunet ligg Kallefoss Hyttepark, som også er ein del av gardsdrifta.

Kjelder