Vetrhusvegen
Utsjånad
Vetrhusvegen er ein om lag to kilometer lang grusveg på heia frå Yksenskårvegen ved Nautevaknuttane fram til garden Vetrhus og Vetrhusvatnet nord-vest i Evje og Hornnes kommune. Heiegarden Vetrhus var veglaus heilt fram til 1978-1979, då Yksenskårvegen vart bygd frå Fylkesveg 353 ved Håvestøl i Fiskårdalen i Åseral fram til garden Yksenskor i Evje og Hornnes. Samstundes som vegen til Yksenskor kom, laga ein avstikkaren til Vetrhus. Yksenskårvegen er stengd med bom, så ein må ha avtale med grunneigaren for å køyre med bil på både den vegen og Vetrhusvegen.