Hopp til innhald

Bispevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. juli 2015 kl. 08:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bispevegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bispevegen er ein gamal ferdsleveg over heia mellom Valle og Fyresdal. Han gjekk frå Tveitebø over heia gjennom Finndalen til Kleivgrend i Fyresdal.

Frå 1100-talet og fleire hundreår frametter var Stavanger administrasjons- og handelssenter for landsdelen. Etter kvart som Agder fekk sin eigen administrasjon, frå 1500-talet, måtte setesdølane meir og meir legge ferdsla austover. Setesdal Austhei og Bispevegen overtok då mykje av den ferdsla Skinnevegen hadde hatt tidlegare.[1]

Referansar

<references>

  1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1 utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 50-51