Huset (husmannsplass)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Huset var ein husmannsplass på Tveit i Hornnes, truleg frå 1700-talet og eit stykke utover på 1800-talet. Plassen låg under gardsbruka Haugen og Lunnen i Hornnes-garden. Vestre Tveit låg innforbi endestavane til den garden då og blei brukt som støyl.
Den fyrste kjende husmannen på plassen var Ånund Olson Hornnes Tveit. Han var her til 1816.
Ein gong ut på 1800-talet var det blitt to husmannsplassar her, Øvre Huseplass og Nere Huseplass og med Tolleis plass og Jens´s plass i same området.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 460–461
- SEFRAK-registeret (0937-0208-044)