Tveit (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gardsbruket til Sven Reiersen og kona Marit Gjone Reiersen (gnr. 18 bnr. 1) på Tveit.

Tveit er ei lita grend og to gardar (gardsnr. 18 og 19) i Hornnes, sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Gardsnr. 18 var den opphavelege Tveit-garden, men er frå 1668 kalla Austre Tveit. Denne garden er kanskje i si tid skild ut frå Kjetså. Austre Tveit er truleg ikkje så svært gamal. Gardsnr. 19 kallast Vestre Tveit, og har før 1660-talet truleg vore støyl eller øygard under Hornnes-garden. På Tveiteheia er det undersøkt om området høver til vindkraftverk.

Kjelder

Kart

Laster kart...