Steingjerde
Steingjerde var brukt i det gamle landbruket som skilje mellom eigedomar og mellom utmark og innmark. Frå tunet ut til utmarka, spesielt frå dei gamle fellestuna, var det gjerne mura ei fegate, ein geil, som leia dyra beint inn i utmarka.
Steingjerda er ofte rundt meteren høge og ein halv meter breie. Men det finst steingjerde i mest alle variantar og utføring. Gjerda blei bygde av den steinen som var på staden.
Dei eldste steingjerda ein kjenner til i Noreg er frå eldre jernalder, mellom 500 år før Kristus og 600 år etter Kristus. Dei fleste innmarksgjerda ein ser av stein i dag er bygde i samband med jordreformen i 1857 og seinare. Reformen førte til større teigar enn før og eldre steingjerder blei teke ned og flytta.
Setesdal
Det er mange steingjerde rundt om i Setesdal som er med og formar kulturlandskapet. Døme kan vere dei svære steingjerda i Breive i Bykle, på Rygnestad i Valle, i Jordalsbø i Bygland og på Abusland i Evje og Hornnes.
Kjelder
- Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth (foto), Av stein, utgjeve av forlaget Skald, 2017, side 66–83
- Steingjerder – evige kulturminner i jordbrukets kulturlandskap?, artikkel på NLR.no