Plassen (Galteland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. juli 2025 kl. 05:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Plassen 22. juli 2018.

Plassen var ein husmannsplass under garden Galteland i Evje. Han høyrde til bnr. 5 på Galteland, og låg mellom busetnaden på bnr. 5 og husa i nabogarden i nord Åsland.

I 1865 heldt Thron Berufsen og Ole Tellefsen til i Plassen. Seinare budde Knut Plassen (Galteland) der saman med familien Nykland.

I 1898 blei Plassen skild frå bnr. 5 og fekk eige bruksnummer (bnr. 16). Bruksnamnet i dag er Olestad. Det bur ikkje folk på staden lenger, og våningshuset som skal vere bygd i 1895 er med å falle ned.

Kjelder

Kart

Laster kart ...