Hedde

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 09:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss om alder på bygningene)
Hopp til navigering Hopp til søk

Helle er ein gard (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av Otra, mellom Besteland i sør og Rysstad i nord, i Hylestad i Valle kommune. På andre sida av Otra ligg Straume. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget Treungen.

På Helle ligg Helle Camping. Herfrå vert det arrangert klatreturar i Via Ferrata - Straumsfjellet på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. Riksveg 9 Besteland - Helle er planlagt utbetra i 2018.

Historie

Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Øksa er frå steinalderen, og datert til ca år 2500 f.Kr. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet e.Kr. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore Rysstads mark. Ei gong i tida etter at Helle var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Helle igjen.

Det kan sjå ut til at ein Jon Sigurdsson eigde heile Helle fram mot slutten av 1500-talet. Etter han ser så garden ut til å ha blitt dela i tre mellom sønene Gunnar, Olav og Sveinung.

På gardsbruket til Egil Åmlid på Helle står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet.

Kjelder