Flåt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. juli 2015 kl. 17:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om stølen til garden)
Hopp til navigering Hopp til søk

Flåt er ein gard i Flatebygd i Evje i Evje og Hornnes kommune. Namnet tyder ei flate i lia. Truleg er dei gardane som har slike naturgjevne namn mellom dei eldste i bygda. Det er også funne gravhaugar på Flåt. Garden er difor truleg frå romersk jernalder, altså dei første hundreåra etter Kristus.

Garden sin støyl var Flotøygarden på heia mellom Flatebygd og Høvringsvatnet. Etter kvart som garden blei delt i fleire bruk, fekk kvart bruk truleg sin eigen støl i same område.

Kjelder