Skilnad mellom versjonar av «Grøssæ»
| Ingen redigeringsforklaring | Ingen redigeringsforklaring | ||
| Line 1: | Line 1: | ||
| '''Grøssæ''' er eit stort vatn i [[Setesdal Austhei]] (721 moh.), på grensa mellom [[Bygland]] og [[Fyresdal]]. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til [[Topsæ]] renn [[Grønåne]]. Grøssæ er såleis ein del av [[Tovdalselva|Tovdalsvassdraget]]. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med [[Grøssæstemmen]]. Storeli er ein gamal støyl i syndre enden av Grøssæ. Her er opptak fra denne støylen i NRK serien om Olav på Kvipt: [https://tv.nrk.no/serie/olav-paa-kvipt/sesong/2/episode/4/avspiller Opptak 1] og [https://tv.nrk.no/serie/olav-paa-kvipt/sesong/3/episode/3/avspiller Opptak 2 ]. I opptak 2 feller dei ei fure som dei tenkjer å lage til stokkebåt. | '''Grøssæ''' er eit stort vatn i [[Setesdal Austhei]] (721 moh.), på grensa mellom [[Bygland]] og [[Fyresdal]]. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til [[Topsæ]] renn [[Grønåne]]. Grøssæ er såleis ein del av [[Tovdalselva|Tovdalsvassdraget]]. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med [[Grøssæstemmen]]. Storeli er ein gamal støyl i syndre enden av Grøssæ. Her er opptak fra denne støylen i NRK serien om Olav på Kvipt: [https://tv.nrk.no/serie/olav-paa-kvipt/sesong/2/episode/4/avspiller Opptak 1] og [https://tv.nrk.no/serie/olav-paa-kvipt/sesong/3/episode/3/avspiller Opptak 2 ]. I opptak 2 feller dei ei fure som dei tenkjer å lage til stokkebåt. | ||
| I [https://tv.nrk.no/serie/olav-paa-kvipt/sesong/4/episode/KOID75005523 Opptak 3] set dei stokkebåten ut på vatnet i Grøssæ. | |||
| [[Fil:Grøssæ 1979.jpg|miniatyr|venstre|Utsikt nordover Grøssæ frå turløypa til AAT over [[Rjupetoheii]] i 1979.  {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)]]}}]] | [[Fil:Grøssæ 1979.jpg|miniatyr|venstre|Utsikt nordover Grøssæ frå turløypa til AAT over [[Rjupetoheii]] i 1979.  {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)]]}}]] | ||
Siste versjonen frå 11. april 2025 kl. 18:14
Grøssæ er eit stort vatn i Setesdal Austhei (721 moh.), på grensa mellom Bygland og Fyresdal. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til Topsæ renn Grønåne. Grøssæ er såleis ein del av Tovdalsvassdraget. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med Grøssæstemmen. Storeli er ein gamal støyl i syndre enden av Grøssæ. Her er opptak fra denne støylen i NRK serien om Olav på Kvipt: Opptak 1 og Opptak 2 . I opptak 2 feller dei ei fure som dei tenkjer å lage til stokkebåt. I Opptak 3 set dei stokkebåten ut på vatnet i Grøssæ.
 
   
   
  
Turløype
Den merka nord-sørgåande turløypa til Aust-Agder Turistforening (AAT) mellom Bykle og Åmli passerer forbi Grøssæ på austsida av vatnet.
Fornminner
Langs heile Tovdalsvassdraget er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå både eldre og yngre steinalder. Ved Grøssæ er det mellom anna funne ein buplass med restar av steinkol frå eldre steinalder.[1]
Naturreservat
21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot Topsæ og nordover til Straumsfjorden verna og fekk namnet Gardefjellet naturreservat.
Referansar
- ↑ Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 257 og side 260-261
