Store Hallvorsvatnet: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s →Kjelder: lagt til et par |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Odd Inge Rønning Uleberg]]: ''Hva skjuler Store Hallvorsvatnet?''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] | *[[Odd Inge Rønning Uleberg]]: ''Hva skjuler Store Hallvorsvatnet?''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] | ||
*[[Johnny Haugen]], ''Flyslipp-operasjonen på Agder 1940–45'', artikkel i [[Agder Historielag]] sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 199–231 | |||
*[[Johan Christian Frøstrup]] og [[Bjørn Davidsen]], ''[[Vest-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940–1945]]'', [[Friluftsforlaget]], 2021, side 418–425 | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 14. januar 2024 kl. 21:48
Store Hallvorsvatnet er eit vatn i Setesdal Vesthei. Det ligg om lag 870 meter over havet langt vest i Bygland kommune om lag 500 meter nord for Josephsbu
Natt til 12. april 1945 sleppte engelske fly 96 containarar med utstyr over vatnet. Men sleppet gjekk heilt galt. Ein prøvde ut nye fallskjermar, og dei verka ikkje etter planen, så containarane vart knuste på isen. Men nokre av dei gjekk gjennom isen. Containarane hadde våpen, ammunisjon og utstyr til ei gruppe motstandsfolk. Gruppa vart kalla Varg og Kasper Idland frå Figgjo var leiar. Major Jens Ropstad var også med på dette.
Gjennom åra har folk funne mykje av utstyret som vart sleppt ned. Mange har også dykka i vatnet. I perioden 6. august 2015 til 9. august 2015 var det ein tung leiteaksjon for å finne containarane og eventuelle krigsminne frå hendinga. Leiar for prosjektet var Ole Asbjørn Bergstøl. Musea i Agder og Rogaland støttar prosjektet, som det også skal lagast dokumentarfilm frå.
Kjelder
- Odd Inge Rønning Uleberg: Hva skjuler Store Hallvorsvatnet?. Artikkel i Fædrelandsvennen
- Johnny Haugen, Flyslipp-operasjonen på Agder 1940–45, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 199–231
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Vest-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940–1945, Friluftsforlaget, 2021, side 418–425