Hopp til innhald

Varg

Frå Setesdalswiki

Varg var ein base i fjellheimen i sørlege Norge som personar som var involvert i illegalt arbeid mot slutten av andre verdskrigen kunne røme til og opphalde seg i. I nord var grensa Haukelivegen, i aust Fyresdal og i vest Suldalsvatnet og Sirdal. I sør gjekk grensa ned til dei øvre delane av Gjøvdal, Tovdal og Åseral. Leiaren var kaptein Harald Sandvik.

I området var planen å droppa våpen, proviant og utstyr som var naudsynt for at folk kunne leve året rundt utan vesentleg hjelp frå folk i distriktet. Støylar og hytter som låg særleg avsides blei brukte som kvarter. I nærleiken blei det oppretta depot.

Det svære fjellområdet blei delt i fire område, Varg 1 til Varg 4. Varg 4 låg mellom Setesdal og Sirdal, med Åseralsheiene som det sentrale punktet. Dette området tok imot fleire flyslepp vinteren og våren 1945, mellom anna det store sleppet ved Store Hallvorsvatnet i første halvdel av april. Fenrik Kasper Idland var leiaren.

Kjelder