Fjellgarden Hovden: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Fjellgarden Hovden 250616. | [[Fil:Fjellgarden Hovden 250616-3.jpg|miniatyr|høyre|Fjellgarden Hovden i juni 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Fjellgarden Hovden''' ligg på vegen til [[Breive]] på [[Hovden]]. AS [[Sætersdalen]] eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt. | '''Fjellgarden Hovden''' ligg på vegen til [[Breive]] på [[Hovden]]. AS [[Sætersdalen]] eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt. | ||
Versjonen frå 6. mars 2023 kl. 12:37

Fjellgarden Hovden ligg på vegen til Breive på Hovden. AS Sætersdalen eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt.
Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i Hovden Alpinsenter, er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.
Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei Anna O. Rysstad og Marton Laksesvela som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok Merethe Hjemdahl og Rolf Arne Haugen som styrarar.
Sjå også
Kjelde
- Johs. Bjørkeli: Fra Tinnheia til fjellgården på Hovden. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 28. november 2011 side 22