Hedde: Skilnad mellom versjonar
s →Historie: småpuss |
Utvidet litt + kilde |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore [[Rysstad|Rysstads mark]]. Ei gong i tida etter at Helle var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Helle igjen. På gardsbruket til [[Egil Åmlid]] på Helle står eit gamalt loft (stabbur) frå 1600-talet. Også den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet. | Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Øksa er frå steinalderen, og datert til ca år 2500 f.Kr. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet e.Kr. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore [[Rysstad|Rysstads mark]]. Ei gong i tida etter at Helle var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Helle igjen. | ||
Det kan sjå ut til at ein Jon Sigurdsson eigde heile Helle fram mot slutten av 1500-talet. Etter han ser så garden ut til å ha blitt dela i tre mellom sønene Gunnar, Olav og Sveinung. | |||
På gardsbruket til [[Egil Åmlid]] på Helle står eit gamalt loft (stabbur) frå 1600-talet. «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv [[Alfred Ryningen]] i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen [[Knut Torjusson Helle]] (ca 1696-1766). Også den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
| Line 10: | Line 14: | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]], utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 og 40 | *[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]], utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 og 40 | ||
*[[Johs. Bjørkeli]], ''Dalen med museum på hver gård'', artikkel i God Helg/Fædrelandsvennen 7. oktober 2016 | *[[Johs. Bjørkeli]], ''Dalen med museum på hver gård'', artikkel i God Helg/Fædrelandsvennen 7. oktober 2016 | ||
*Alfred Ryningen, ''[[Valle kommune I Gards- og ættesoge for Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 68-180 | |||
[[Kategori:Garder i Valle]] | [[Kategori:Garder i Valle]] | ||
Versjonen frå 13. februar 2017 kl. 10:04
Helle er ein gard (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av Otra, mellom Besteland i sør og Rysstad i nord, i Hylestad i Valle kommune. På andre sida av Otra ligg Straume. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget Treungen.
På Helle ligg Helle Camping. Herfrå vert det arrangert klatreturar i Via Ferrata - Straumsfjellet på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. Riksveg 9 Besteland - Helle er planlagt utbetra i 2018.
Historie
Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Øksa er frå steinalderen, og datert til ca år 2500 f.Kr. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet e.Kr. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore Rysstads mark. Ei gong i tida etter at Helle var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Helle igjen.
Det kan sjå ut til at ein Jon Sigurdsson eigde heile Helle fram mot slutten av 1500-talet. Etter han ser så garden ut til å ha blitt dela i tre mellom sønene Gunnar, Olav og Sveinung.
På gardsbruket til Egil Åmlid på Helle står eit gamalt loft (stabbur) frå 1600-talet. «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Også den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet.
Kjelder
- Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 472-474
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 og 40
- Johs. Bjørkeli, Dalen med museum på hver gård, artikkel i God Helg/Fædrelandsvennen 7. oktober 2016
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge for Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 68-180