Råbyggelaget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet et årstall
Line 7: Line 7:
Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå rundt 1590, vart Råbyggelaget delt i to sorenskriveri; [[Austre Råbyggelag skrivardøme]] og [[Vestre Råbyggelag skrivardøme]]. Men den administrative eininga, fogderiet ([[Futedøme|futedømet]]), blei ikkje delt.<ref>[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]], bind I, utgjeve av [[Bygland kommune]], 2002, side 10</ref>   
Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå rundt 1590, vart Råbyggelaget delt i to sorenskriveri; [[Austre Råbyggelag skrivardøme]] og [[Vestre Råbyggelag skrivardøme]]. Men den administrative eininga, fogderiet ([[Futedøme|futedømet]]), blei ikkje delt.<ref>[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]], bind I, utgjeve av [[Bygland kommune]], 2002, side 10</ref>   


Etter 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til ''amt''; Lister og Mandals amt og [[Nedenes og Råbyggelagets amt]].<ref>Mogstad, ''Tinget på Bakke'', side 44</ref> Råbyggelaget var ikkje lenger eit eige len/amt. Åleine var Råbyggelaget no «bare» eit futedøme. Dette futedømet varde til 1852, då det skifta namn til [[Sætersdalens fogderi]]. Eit stykke ut på 1800-talet fall namnet Råbyggelaget bort også i amtsnamnet, og det blei bare [[Nedenes amt]].<ref>Fjermedal, ''Iveland II'', side 261</ref>  
Etter 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til ''amt''; Lister og Mandals amt og [[Nedenes og Råbyggelagets amt]].<ref>Mogstad, ''Tinget på Bakke'', side 44</ref> Råbyggelaget var ikkje lenger eit eige len/amt. Åleine var Råbyggelaget no «bare» eit futedøme. Dette futedømet varde til 1865/1866, då det skifta namn til [[Sætersdalens fogderi]]. Eit stykke ut på 1800-talet fall namnet Råbyggelaget bort også i amtsnamnet, og det blei bare [[Nedenes amt]].<ref>Fjermedal, ''Iveland II'', side 261</ref>  


Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre Råbyggelaget) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelaget greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.  
Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre Råbyggelaget) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelaget greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.  

Versjonen frå 25. desember 2016 kl. 21:55

Råbyggelaget var frå gamalt av namnet på det administrative området eller distriktet på Agder som Setesdal høyrde til. Namnet tyder truleg «lovområdet for dei som bur i ein avkrok», ei rå. Frå starten var Råbyggelaget difor truleg namnet på bygdene i Setesdal og dei næraste områda rundt som låg i lovsamband.[1] Agder høyrde til Gulating lagdøme.

Råbyggelaget dukka opp som ei av sysleneAgder i høgmellomalderen, saman med Vestre sysla, Mitre sysla og Austre sysla. Råbyggelaget var då området frå og med Vegårshei i aust til og med Åseral i vest, Iveland i sør og Bykle i nord. Dessutan Birtedalen i Fyresdal og ein del gardar i Hægeland.[2]

I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til len: Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad.[3]

Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå rundt 1590, vart Råbyggelaget delt i to sorenskriveri; Austre Råbyggelag skrivardøme og Vestre Råbyggelag skrivardøme. Men den administrative eininga, fogderiet (futedømet), blei ikkje delt.[4]

Etter 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til amt; Lister og Mandals amt og Nedenes og Råbyggelagets amt.[5] Råbyggelaget var ikkje lenger eit eige len/amt. Åleine var Råbyggelaget no «bare» eit futedøme. Dette futedømet varde til 1865/1866, då det skifta namn til Sætersdalens fogderi. Eit stykke ut på 1800-talet fall namnet Råbyggelaget bort også i amtsnamnet, og det blei bare Nedenes amt.[6]

Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre Råbyggelaget) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelaget greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.

I 1919 vart eininga amt endra til fylke. Nedenes amt, som Setesdal no var ein del av, blei til Aust-Agder fylke.

Sjå også

Referansar

  1. Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 217
  2. Oddmund Mogstad, Tinget på Bakke, 29/7 (Sti Olavi Dag) 1581, artikkel i Arnstein 2014, side 44
  3. Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, artikkel i Jol i Setesdal 2010, side 7
  4. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 10
  5. Mogstad, Tinget på Bakke, side 44
  6. Fjermedal, Iveland II, side 261