Huldreheimen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Huldreheimen Bykle 250616.jpg|miniatyr|høyre|Huldreheimen ein sommarkveld i 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Huldreheimen Bykle 201216.jpg|miniatyr|høyre|Huldreheimen [[20. desember 2016]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Huldreheimen''' er eit bygdetun og friluftsmuseum i [[Bykle]]. Det er ei avdeling under [[Setesdalsmuseet]]. Bygningane vart samla av dr. [[Anton Raabe]] og skodespelarinne [[Tore Segelcke]]. Alle husa er flytte til staden. Av seks bygningar er tre frå Bykle og tre frå [[Valle]]/[[Hylestad]]. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte Raabe og Segelcke seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar.  

Versjonen frå 21. desember 2016 kl. 00:46

Fil:Huldreheimen Bykle 201216.jpg
Huldreheimen 20. desember 2016.

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Bygningane vart samla av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden. Av seks bygningar er tre frå Bykle og tre frå Valle/Hylestad. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte Raabe og Segelcke seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar.

Huldreheimen består av ei årestoge (ca 1500) frå Tveiten i Valle, ei støylsbu frå Heddestøyl i Finndalen, Margitsloptet (ca 1600) frå Jåro i Bykle, stolpehus (ca 1600) frå Uppstad, eit loft, Ryningsloptet, (truleg 1300-1400) og eit kvernhus (ca 1700) frå Nesland i Bykle.

Huldreheimen vart gitt i gåve til Bykle kommune i 1948. Familien Raabe/Segelcke hadde rett til å bruke tunet, og Tore Segelcke var på årlege sommarbesøk heilt til midten av 1970-talet. Då gjekk ho rundt i setesdalsstakkar, og var som ei av bygdas eigne kvinner.

Bykle kommune har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som tunet gjorde då Raabe og Segelcke brukte det.

Kjelder

  • Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre

Eksterne lenker