Setesdal Husflid: Skilnad mellom versjonar
bilder |
s →Omsetning: omsetning 2015 |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
==Omsetning== | ==Omsetning== | ||
Omsetninga auka frå 1 616 000 i 2008 til 1 944 000 i 2010. I 2015 var ho vel 2 millionar kroner. [[Inger Homme]] og | |||
[[Randi Gåserud Myrum]] deler på å vere dagleg leiar i Setesdal Husflidssentral. | [[Randi Gåserud Myrum]] deler på å vere dagleg leiar i Setesdal Husflidssentral. | ||
==Sjå også== | ==Sjå også== | ||
Versjonen frå 5. mars 2016 kl. 07:43


Setesdal Husflidssentral vart stifta i 1966. Formålet var å selje husflidsvarer for lokale produsentar. Tidlegare heldt utsalet til i dei små hyttene ved Valle Motell, men frå 1996 har dei halde til i bygget mellom Valle kommunehus og Riksveg 9, som husar turistinformasjon mot nord og husflidsutsal mot sør.
I butikken finn ein ei rekke husflidsvarer, mellom anna Setesdalsbunaden med alt som høyrer til. Dei sel og Setesdalskofte og andre produkt handlaga av produsentar i Setesdal. Mellom anna har dei garn, souvenirar og gåveartiklar i tre, glas, vev, tekstil, smijern, keramikk og tinn. Ein del av bøkene til Setesdalsforlaget kan ein få kjøpt, og Bykle og Valle kunstlag har utstillingar om sommaren i dei roma som vert brukte til spitekafe om vinteren.
Styre
I 2010 var styret samansett slik:
- Olav T. Åkre, styreleiar
- Helga Birgit Bjørkeli, nestleiar
- Knut K. Homme, styremedlem
- Jorunn B. Brokke, styremedlem
- Malmfrid Nyborg Homme, styremedlem
- Birgit Annette Helle, styremedlem
- Jorunn Lund Harstad, varamedlem
- Anne Nomeland Helle, varamedlem
- Olav H. Rygnestad, varamedlem
Omsetning
Omsetninga auka frå 1 616 000 i 2008 til 1 944 000 i 2010. I 2015 var ho vel 2 millionar kroner. Inger Homme og Randi Gåserud Myrum deler på å vere dagleg leiar i Setesdal Husflidssentral.
Sjå også
Kjelder
- Brosjyren Setesdal Husflidssentral (utan årstal)