Huldreheimen: Skilnad mellom versjonar
Omskrivd innledningen litt, fått med at Huldreheimen er avdeling under Setesdalsmuseet. |
s →Eksterne lenker: rettet et par små skrivefeil |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3 Om Huldreheimen på heimesida til Setesdalsmuseet | *[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3 Om Huldreheimen på heimesida til Setesdalsmuseet] | ||
*[https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Huldreheimen_(Bykle) Om Huldreheimen på lokalhistoriewiki.no | *[https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Huldreheimen_(Bykle) Om Huldreheimen på lokalhistoriewiki.no] | ||
[[Kategori:Setesdalsmuseet]] | [[Kategori:Setesdalsmuseet]] | ||
[[Kategori:Kultur i Bykle]] | [[Kategori:Kultur i Bykle]] | ||
Versjonen frå 28. januar 2016 kl. 11:04
Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Bygningane vart samla av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden. Av seks bygningar er tre frå Bykle og tre frå Valle/Hylestad. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte Raabe og Segelcke seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar.
Huldreheimen består av ei årestoge (ca 1500) frå Tveiten i Valle, ei støylsbu frå Heddestøyl i Finndalen, Margitsloptet (ca 1600) frå Jåro i Bykle, stolpehus (ca 1600) frå Uppstad, eit loft, Ryningsloptet, (truleg 1300-1400) og eit kvernhus (ca 1700) frå Nesland i Bykle.
Huldreheimen vart gitt i gåve til Bykle kommune i 1948. Familien Raabe/Segelcke hadde rett til å bruke tunet, og Tore Segelcke var på årlege sommarbesøk heilt til midten av 1970-talet. Då gjekk ho rundt i setesdalsstakkar, og var som ei av bygdas eigne kvinner.
Bykle kommune har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som tunet gjorde då Raabe og Segelcke brukte det.
Kjelder
- Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre