Knut O. Bø: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Knut O. Bø
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting
Line 9: Line 9:
7. desember 1942 starta Gestapo opprulling av Kampgruppe 3. Den første som vart arrestert var major Arne Laudal. Så fulgte arrestasjoner på rekke og rad. Knut Bø visste at han var i faresona, men blei heime for å gjere ulike oppgåver.<ref>[[Paal Vollen]], ''Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld'', [[Jol i Setesdal]], 1972, s. 19-20</ref> <ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 367</ref> 7. januar 1943 blei han arrestert av Gestapo. Han sat først fengsla i [[Kristiansand]]. Etter det blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han saman med resten av «Laudalsgjengen». 16. februar 1943 blei 12 av dei, dei tyskerane meinte var hovudmennene, overført til ei spesialavdeling, «Fallskjermen». Dette var avdelinga for «dødskandidatar». Knut Bø var mellom desse.
7. desember 1942 starta Gestapo opprulling av Kampgruppe 3. Den første som vart arrestert var major Arne Laudal. Så fulgte arrestasjoner på rekke og rad. Knut Bø visste at han var i faresona, men blei heime for å gjere ulike oppgåver.<ref>[[Paal Vollen]], ''Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld'', [[Jol i Setesdal]], 1972, s. 19-20</ref> <ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 367</ref> 7. januar 1943 blei han arrestert av Gestapo. Han sat først fengsla i [[Kristiansand]]. Etter det blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han saman med resten av «Laudalsgjengen». 16. februar 1943 blei 12 av dei, dei tyskerane meinte var hovudmennene, overført til ei spesialavdeling, «Fallskjermen». Dette var avdelinga for «dødskandidatar». Knut Bø var mellom desse.


14. april 1944 vart dei ni hovedmennene i «Sørlandssaken» stilt for tysk krigsrett. Major Arne Laudal var leiaren. Mellom dei andre åtte var Knut Bø. Han var svært sjuk grunna revmatisk feber, og låg utstrakt på ei båre under rettssaken.<ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 393 Same ettermiddag blei åtte av mennene, mellom dei Knut Bø, dømde til døden ved skyting. Den niande fekk tukthusstraff. Seinare blei dødsstraffa for dei to yngste, Ivar Christensen og Erik Dahl-Hansen, oppheva. Dei blei overførte til «oppdragelsesleir».  
14. april 1944 vart dei ni hovedmennene i «Sørlandssaken» stilt for tysk krigsrett. Major Arne Laudal var leiaren. Mellom dei andre åtte var Knut Bø. Han var svært sjuk grunna revmatisk feber, og låg utstrakt på ei båre under rettssaken.<ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 393</ref> Same ettermiddag blei åtte av mennene, mellom dei Knut Bø, dømde til døden ved skyting. Den niande fekk tukthusstraff. Seinare blei dødsstraffa for dei to yngste, Ivar Christensen og Erik Dahl-Hansen, oppheva. Dei blei overførte til «oppdragelsesleir».  


6. mai 1944 blei dødsdomane over dei seks kameratane i «Laudalsgjengen» stadfesta av Reichskommisar Josef Terboven. Seint om kvelden 8. mai kom tyske soldatar på «Fallskjermen» for å hente dei seks og elleve andre dødsdømde til avrettinga.<ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 426</ref> I følge fangar som overlevde krigen, og som var til stades då mennene vart henta, var dei heilt rolege. Dagfinn Hauge tala med dei dødsdømde kvelden før avrettinga. Han fortel i boka si ''Slik dør menn'' om det veldige inntrykket det var å tale med Knut Bø.<ref>''Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld'', s. 19 Dei siste orda til major Laudal skal ha vore: ''Vi skal dø oppreist, gutter.'' Knut Bø var framleis sterkt hemma av leddgikt, og måtte ake seg ned trappene.
6. mai 1944 blei dødsdomane over dei seks kameratane i «Laudalsgjengen» stadfesta av Reichskommisar Josef Terboven. Seint om kvelden 8. mai kom tyske soldatar på «Fallskjermen» for å hente dei seks og elleve andre dødsdømde til avrettinga.<ref>''Frihetens flamme - major Laudal og hans menn'', s. 426</ref> I følge fangar som overlevde krigen, og som var til stades då mennene vart henta, var dei heilt rolege. Dagfinn Hauge tala med dei dødsdømde kvelden før avrettinga. Han fortel i boka si ''Slik dør menn'' om det veldige inntrykket det var å tale med Knut Bø.<ref>''Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld'', s. 19</ref> Dei siste orda til major Laudal skal ha vore: ''Vi skal dø oppreist, gutter.'' Knut Bø var framleis sterkt hemma av leddgikt, og måtte ake seg ned trappene.


Dei dødsdømde vart køyrde med lastebil til Trandumskogen. Her blei dødsdomane fullbyrda ved skyting om morgonen 9. mai 1944. Kroppana vart lagde i grav nr. 17.  
Dei dødsdømde vart køyrde med lastebil til Trandumskogen. Her blei dødsdomane fullbyrda ved skyting om morgonen 9. mai 1944. Kroppana vart lagde i grav nr. 17.  

Versjonen frå 26. januar 2015 kl. 12:23

Knut O. Bø (fødd 12. desember 1896 i Valle, død 9. mai 1944 på Trandum) var disponent i Setesdal AutomobilrutorByglandsfjord og motstandsmann under andre verdskrigen. Han vart dømd til døden for motstandsarbeidet sitt, og henretta av tyskerane i Trandum-skogen 10. mai 1944 saman med major Arne Laudal og fire andre motstandsfolk.

Knut Bø var son til Olav Tarldsson Bø og Gunhild Knutsdotter Trydal. Han var utdanna som bilmekanikar og snekkar. Då andre verdskrigen starta i 1940, var han disponent i Setesdal Bilruter, som på den tid hadde hovudkontoret sitt på Byglandsfjord. I 1941 fikk major Arne Laudal i oppdrag å organisere motstandsrørsla på Sørlandet (Milorg, Kampgruppe 3, senere Distrikt 18). Setesdals-avsnittet (avsnitt 2) vart leia av Rolf Ellingsen. Ellingsen verva Knut Bø til organisasjonen. Jobben i Bilruta gjorde at han kunne reise nokså fritt rundt i Setesdal. Det blei derfor Knut Bø som kom til å gjere ein del av organiseringa i Setesdal. Han fungerte også som ordonanssjef i avsnittet. Då han var til konferanse med avsnittsjef Ellingsen, skal han ha stått med tårer i augene og sagt: Vil du helsa sjefen din og takka han for at han har gjeve meg den store æra å vere med i kampen for Norge.[1]

I 1941 starta også oppbygginga av ein militær etterretningsorganisasjon på Sørlandet (XU). Knut Bø kom tidleg med som etterretningsagent i denne organisasjonen.[2]

Knut Bø var sterkt engasjert i arbeid i begge desse to organisasjonane frå hausten 1941 og gjennom heile 1942. Mellom anna var han med og organiserte våpentransportar.[3]

7. desember 1942 starta Gestapo opprulling av Kampgruppe 3. Den første som vart arrestert var major Arne Laudal. Så fulgte arrestasjoner på rekke og rad. Knut Bø visste at han var i faresona, men blei heime for å gjere ulike oppgåver.[4] [5] 7. januar 1943 blei han arrestert av Gestapo. Han sat først fengsla i Kristiansand. Etter det blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han saman med resten av «Laudalsgjengen». 16. februar 1943 blei 12 av dei, dei tyskerane meinte var hovudmennene, overført til ei spesialavdeling, «Fallskjermen». Dette var avdelinga for «dødskandidatar». Knut Bø var mellom desse.

14. april 1944 vart dei ni hovedmennene i «Sørlandssaken» stilt for tysk krigsrett. Major Arne Laudal var leiaren. Mellom dei andre åtte var Knut Bø. Han var svært sjuk grunna revmatisk feber, og låg utstrakt på ei båre under rettssaken.[6] Same ettermiddag blei åtte av mennene, mellom dei Knut Bø, dømde til døden ved skyting. Den niande fekk tukthusstraff. Seinare blei dødsstraffa for dei to yngste, Ivar Christensen og Erik Dahl-Hansen, oppheva. Dei blei overførte til «oppdragelsesleir».

6. mai 1944 blei dødsdomane over dei seks kameratane i «Laudalsgjengen» stadfesta av Reichskommisar Josef Terboven. Seint om kvelden 8. mai kom tyske soldatar på «Fallskjermen» for å hente dei seks og elleve andre dødsdømde til avrettinga.[7] I følge fangar som overlevde krigen, og som var til stades då mennene vart henta, var dei heilt rolege. Dagfinn Hauge tala med dei dødsdømde kvelden før avrettinga. Han fortel i boka si Slik dør menn om det veldige inntrykket det var å tale med Knut Bø.[8] Dei siste orda til major Laudal skal ha vore: Vi skal dø oppreist, gutter. Knut Bø var framleis sterkt hemma av leddgikt, og måtte ake seg ned trappene.

Dei dødsdømde vart køyrde med lastebil til Trandumskogen. Her blei dødsdomane fullbyrda ved skyting om morgonen 9. mai 1944. Kroppana vart lagde i grav nr. 17.

Namnet til Knut Bø er hoggen inn i den vakre minnesteinen som står ved Bygland kyrkje til minne om dei frå Bygland som fall for fedrelandet i fridomsstriden 1940-1945.

Referansar

  1. Kristen Taraldsen, Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, Fædrelandsvennen, 1994, s. 78
  2. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 87
  3. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 162-164, s. 228-230, s. 367
  4. Paal Vollen, Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld, Jol i Setesdal, 1972, s. 19-20
  5. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 367
  6. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 393
  7. Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, s. 426
  8. Setesdølen Knut Bø sin siste frie julekveld, s. 19