Grøssæ: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot [[Topsæ]] og nordover til [[Straumsfjorden]] verna og fekk namnet [[Gardefjellet naturreservat]]. | 21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot [[Topsæ]] og nordover til [[Straumsfjorden]] verna og fekk namnet [[Gardefjellet naturreservat]]. | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Versjonen frå 15. februar 2023 kl. 20:20
Grøssæ er eit stort vatn i Setesdal Austhei (721 moh.), på grensa mellom Bygland og Fyresdal. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til Topsæ renn Grønåne. Grøssæ er såleis ein del av Tovdalsvassdraget. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med Grøssæstemmen.




Turløype
Den merka nord-sørgåande turløypa til Aust-Agder Turistforening (AAT) mellom Bykle og Åmli passerer forbi Grøssæ på austsida av vatnet.
Fornminner
Langs heile Tovdalsvassdraget er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå både eldre og yngre steinalder. Ved Grøssæ er det mellom anna funne ein buplass med restar av steinkol frå eldre steinalder.[1]
Naturreservat
21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot Topsæ og nordover til Straumsfjorden verna og fekk namnet Gardefjellet naturreservat.
Referansar
- ↑ Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 257 og side 260-261