Hopp til innhald

Skjeggestad (Evje og Hornnes gnr. 47): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 13: Line 13:


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje]]

Versjonen frå 4. april 2020 kl. 06:29

Skjeggestad 3. april 2020.

Skjeggestad er ein gard (gnr. 47) på heia ca 4 kilometer aust for Evje sentrum i Evje og Hornnes. Ein kjem dit ved å følge Arendalsvegen forbi Galteland, og straks deretter ta mot sør mot Åmland. Nabogard til Skjeggestad i nord-vest er Kleggetveit. Mot nord-aust ligg Åmland. I sør-vest grensar garden mot Høgetveit.

Det skal vere 13 gardar med dette namnet frå Oslofjorden til Boknafjorden. Oluf Rygh meiner det kjem av mannsnamnet Skeggi eller Skeggr. Men den lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad tykker og det er freistande å tenkje på det som eit tilnamn.

Saman med nabogardane Kleggetveit og Kjebekk ligg Skjeggestad innafor honnstavane til Åmland, og låg øyde under denne garden etter Svartedauden.

Kjelder

  • Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 34-35

Kart

Laster kart ...