Onsdagsprogram Valle Radio 20100908: Skilnad mellom versjonar
litt til |
utvida med intervju med folk frå Setesdal folkehøgskole |
||
| Line 17: | Line 17: | ||
I vår var radiostaben på besøk i NRK Sørlandet, der var det sjølvkjør, men Valle Radio vil ikkje ha det, for ein vil ha eit sosialt fellesskap. No har ein fått opptaksutstyr som gjer at programleiarane kan kome rundt i bygda. Ein er oppteken av å kome rundt til lag og foreningar og lage opptak når det er høveleg. | I vår var radiostaben på besøk i NRK Sørlandet, der var det sjølvkjør, men Valle Radio vil ikkje ha det, for ein vil ha eit sosialt fellesskap. No har ein fått opptaksutstyr som gjer at programleiarane kan kome rundt i bygda. Ein er oppteken av å kome rundt til lag og foreningar og lage opptak når det er høveleg. | ||
Deretter var det intervju med [[Ole Birger Lien]], som er rektor på Setesdal folkehøgskule og [[Kjetil Mykland]], 17 år gamal elev på skulen frå [[Froland]]. Intervjuet var gjort på internatet på skulen. Ein har 24 elevar fordelt på linjene cross og trial. Skulen ligg i Valle, øvinga skjer på [[Åraksøyne]]. Dei tre dagane dei har øving, då vert dei køyrde ut på morgonen og har treninga der. I tillegg har dei mekanisk arbeid der. Det er hardt arbeid å køyre cross og trial, det er hard påkjenning på sykkelen og den treng vedlikehald. Lydnivået er høgt. | |||
Skulen har fem tilsette i tillegg til rektor. | |||
I utgangspunktet skal elevane vere på internatet i helgene. Skulen har laurdagsseminar om ulike emne. Mellom anna har dei heiane i Setesdal som tema. Men om det er konkurransar, kan dei få reise og delta på dette. I februar er det tur til Spania, køyring og opplevingar knytt til motorsport er det som kjem til å vere tema der, det vert nok ikkje så mykje strandliv der nede. | |||
Snøscootercross vart det ikkje noko av i år, dei fleste som er aktive i det no for tida, held til frå Trøndelag og norodover. Men til neste år vil tilbodet verte lyst ut på nytt. | |||
[[Kategori:Valle Radio]] | [[Kategori:Valle Radio]] | ||
Versjonen frå 8. september 2010 kl. 18:38
Onsdagsprogram Valle Radio 20100908 lister programmet i Valle Radio onsdag 8. september 2010.
Program
- Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
- Teknikar: Torhild Sandnes
- Telefonvakt: Berit Homme og Ingebjørg Ellinor Rysstad
- 18:00 Aktuell time med blant anna besøk frå Setesdal folkehøgskule
- 19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
- 19:30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
- 20:00 Bjørgulvs time med gjester: Kirsten Bråten Berg kjem med ny plate
- 20:30 Såvi Nomeland jubilerer
- 21:00 Opi sending med Rolf Erik Homme
Aktuell time
Sendinga starta med ein samtale mellom Bjørgulv T. Berg og Valle Radio sin redaktør Ørnulf Hasla. Dei presenterte aktuelle ting om radioen: Nettsida på Facebook og bloggen til Harald Haugland. Vi har og fått tre nye teknikarar som vil prøve seg i haust: Liv Gunn Viki, Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike. Dei skal ha opplæring i haust, men frå nyttår vil dei gå inn i turnus.
I vår var radiostaben på besøk i NRK Sørlandet, der var det sjølvkjør, men Valle Radio vil ikkje ha det, for ein vil ha eit sosialt fellesskap. No har ein fått opptaksutstyr som gjer at programleiarane kan kome rundt i bygda. Ein er oppteken av å kome rundt til lag og foreningar og lage opptak når det er høveleg.
Deretter var det intervju med Ole Birger Lien, som er rektor på Setesdal folkehøgskule og Kjetil Mykland, 17 år gamal elev på skulen frå Froland. Intervjuet var gjort på internatet på skulen. Ein har 24 elevar fordelt på linjene cross og trial. Skulen ligg i Valle, øvinga skjer på Åraksøyne. Dei tre dagane dei har øving, då vert dei køyrde ut på morgonen og har treninga der. I tillegg har dei mekanisk arbeid der. Det er hardt arbeid å køyre cross og trial, det er hard påkjenning på sykkelen og den treng vedlikehald. Lydnivået er høgt.
Skulen har fem tilsette i tillegg til rektor.
I utgangspunktet skal elevane vere på internatet i helgene. Skulen har laurdagsseminar om ulike emne. Mellom anna har dei heiane i Setesdal som tema. Men om det er konkurransar, kan dei få reise og delta på dette. I februar er det tur til Spania, køyring og opplevingar knytt til motorsport er det som kjem til å vere tema der, det vert nok ikkje så mykje strandliv der nede.
Snøscootercross vart det ikkje noko av i år, dei fleste som er aktive i det no for tida, held til frå Trøndelag og norodover. Men til neste år vil tilbodet verte lyst ut på nytt.