Lisle Gyvatn: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Meir fakta og bilete |
okat |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
{{#display_points:58.765901, 7.68801 |zoom=12| width=99%|type=terrain}} | {{#display_points:58.765901, 7.68801 |zoom=12| width=99%|type=terrain}} | ||
[[Kategori:Bygland]] | [[Kategori:Vatn i Bygland]] | ||
Versjonen frå 1. oktober 2012 kl. 10:26

Foto: Reidar Tveito
Lille Gyvatn er eit vatn i Bygland vesthei. Det ligg nord for Gyvatn og vest for Melejuvet like ved Hakefjell og Skeisknuten. Lille Gyvatn ligg 565 moh.
Det renn inn to større bekkar i Lille Gyvatn, side om side. Gybekken kjem frå Vestre Trældal og Hukebuåni kjem frå Austre Trældal og Hukebuvatn. Båe bekkane er djupe og vanskelege å koma over i nedre del, men ved Åsdølsvadet stikk det opp høvelege steinar ein kan trø på. Namnet fortel om tidlegare samkvem mellom Setesdal og Åseral. Samla renn vatnet vidare inn i Melejuvet under namnet Meleåni. Til sist endar vatnet ut i Byglandsfjorden etter å ha gjort nytte for seg i turbinane til Melefallet kraftverk.