Årdal: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde |
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Grendi 191216 (2).jpg|miniatyr|høyre|Årdal kyrkje og Årdalsfjorden [[19. desember 2016]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Grendi 191216 (2)-3.jpg|miniatyr|høyre|Årdal kyrkje og Årdalsfjorden [[19. desember 2016]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Årdal''' var ein gard i det som i dag er [[Grendi]] i [[Bygland]]. Truleg låg garden i området der [[Øvre Lande (Grendi)|Øvre Lande]] og [[Nedre Lande (Bygland gnr. 57 bnr. 2)|Nedre Lande]] ligg i dag. Namnet skal skrive seg frå gamalnorsk, genitivforma ''ár'', som tyder å eller elv. Det kan høve godt med elva [[Landsåni]] som renn ut i [[Byglandsfjorden]] ved Nedre Lande. | '''Årdal''' var ein gard i det som i dag er [[Grendi]] i [[Bygland]]. Truleg låg garden i området der [[Øvre Lande (Grendi)|Øvre Lande]] og [[Nedre Lande (Bygland gnr. 57 bnr. 2)|Nedre Lande]] ligg i dag. Namnet skal skrive seg frå gamalnorsk, genitivforma ''ár'', som tyder å eller elv. Det kan høve godt med elva [[Landsåni]] som renn ut i [[Byglandsfjorden]] ved Nedre Lande. | ||
Siste versjonen frå 19. januar 2024 kl. 11:36

Foto: Geir Daasvatn
Årdal var ein gard i det som i dag er Grendi i Bygland. Truleg låg garden i området der Øvre Lande og Nedre Lande ligg i dag. Namnet skal skrive seg frå gamalnorsk, genitivforma ár, som tyder å eller elv. Det kan høve godt med elva Landsåni som renn ut i Byglandsfjorden ved Nedre Lande.
Gardsnamnet Årdal blei borte ved oppdeling av Årdal-garden i mindre gardar. Kva tid gardsnamnet kom bort er uvisst. Men den første Årdal kyrkje blei bygd rundt år 1300 eller noko før. Så minst til då har namnet vore i bruk, og kanskje noko lenger fram i tid.
Garden Årdal gav altså namn til Årdal kyrkje, og seinare Årdal sokn. Den sørlegaste delen av Byglandsfjorden kallast Årdalsfjorden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 15 andre spalte
- Byglands soge, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 26 første spalte