Sarvsfossen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Rettet skrivefeil |
s Presisert en kategori |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
[[Kategori:Otra]] | [[Kategori:Otra]] | ||
[[Kategori:Fosser]] | [[Kategori:Fosser i Bykle]] | ||
Versjonen frå 7. juli 2017 kl. 10:11

Foto: Severin Worm-Petersen/Norsk Teknisk Museum
Foto: Geir Daasvatn
Sarvsfossen er eit fossefall i Otra like aust for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Rett ovafor fossen er elva frå 2014 demd opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss, som er det mest synlege tiltaket i Brokke Nord-utbygginga. Tidlegare reguleringar i Otra har også påvirka vassføringa. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974-1977), blei Sarvsfossen overført i tunnel til Botsvatn. Fossen er derfor normalt nærast tørrlagd. Men før reguleringane var Sarvsfossen rekna som den kanskje største fossen i Otra. Då stupte elva «seg utover gjennom ein trong glip 30 meter beint ned i hølen nedanunder».[1]
Referansar
- ↑ Knut Gjerden, Bykle, kapittel i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 134-136